Thursday, July 02, 2009

Fullkomen sommar





Tidleg om sommaren, medan heggen langsamt faldar ut knoppane sine og spreier morgon og kveld med mjuk ange, kjem han listande. Idet svarttrosten for fyrste gong opnar den gule nebben sin og fløytar sommarlæta si, er han der igjen: den sterke lengta etter den fullendte sommarkjensla.
Du veit, den augeblunken i løpet av sommaren då det smell til av lukke inne i ein, og ein verkeleg kjenner det: no er det sommar. No er det sommar i meg også. Det blømer i meg, det faldar seg ut og står sterkt og friskt og fylt av fridom.

Ein finn denne kjensla på forskjellige stader. Nokon kjenner ho best og sterkast når dei sit på bassengkanten ved eit kypriotisk hotell, kanskje med ein fargerik drink i handa. Det luktar solkrem og varm hud, svak musikk frå restauranten, latter og song. Andre kjenner sommarkjensla bruse i seg når dei har susa gjennom Tyskland på ein firefelts motorveg, kjem inn på ein fredeleg sideveg og så faldar det seg ut ein vakker liten campingplass nede ved ein innsjø. Enno andre merkar det prikke og boble av ei sterk sommarlevelyst når dei sit på ein knøttliten fortausrestaurant i ein eller annan europeisk storby, bestiller bruscetta med olivenmos og eit glas vino av den flotte servitøren, kanskje, sparkar diskret av seg skoa under bordet, slik at dei gryande gnagsåra får fred, sit der og ser folk i alle former og fargar passere, sola varmar i nakken og i hjartet.

Å, alt dette kan eg godt skjøne!
Men for meg finst den ultimate sommarkjensla helst utanfor teltopninga. Å vakne i den blå soveposen min, ganske varm, eg veit det er tidleg, men kva er vel tid her, når sola steikjer på teltduken og spreier eit gult lys i det vesle rommet som er eit mjukt hus ikring meg, berre tynne veggar av stoff, lydane går rett igjennom: Ei humle i lyngen like utanfor, eg høyrer korleis ho flyttar seg frå blome til blome, susinga når ho flyg, den vesle pausen når ho landar og stikk sugerøret inn etter honning, før ho lettar att mot neste mål. Tynne plask frå krædene som vèd etter døgnflugene i fjellvatnet rett utanfor. Ei heipiplerke som varslar, ho har nok reiret sitt ikkje så langt unna mitt.

Strekkje meg, tenkje på kjølig vatn mot varmt andletet, tenkje på morgonbad og frukost på steinhella utanfor. Tenkje på kaffi på grua i vasskanten, og kjenne meg vedunderleg fri og lukkeleg, for alt dette er ikkje berre tankar, det skal snart skje. Eg drøymer ikkje, eg er på fjellet, det er sol på teltduken, det er sommar og ingenting er betre enn dette.
Reise meg opp, krype ut av soveposen. Og så: lyden av glidelåsen som glir gjennom teltopninga frå botn til topp, den friske lufta som fløymer inn, mot panna, mot halsen, stikke hovudet ut, blendast av sola, trekkje lungene fulle av tidleg morgon, trekkje hovudet fullt av blenkjande fjellvatn, dirrande luft over doggfallne lyngrabbar, stille, stille, berre ein augestikkar som flyg forbi, den svake knitringa i dei skinande vengene.

Der og då er eg på mitt lukkelegaste. Der og då stig den fullkomne sommarkjensla i meg og vidar ut hjartet mitt så eg kjenner det knakar i samanfatningane. Denne stunda, denne augeblunken, er verda på sitt aller vakraste.

Monday, May 04, 2009

Eit skumpiska sekund





Eg har tenkt så mykje på Bjørn Aamodt og dikta hans i det siste. Poeten, sjømannen, metallarbeidaren Bjørn Aamodt. Trur det var noko som slo inn i meg sist eg kom til min barndoms heim, akkurat i det eg kom inn døra med sekken på ryggen, stod der i døropninga og såg den tomme gangen, kjende kor tomt huset var, ingen trufast logrande ven som var over seg av lukke fordi eg var komen heimatt, og då slo det innover meg, dette minnet:

Bjørn Aamodt, under poesifestivalen Audiatur i Bergen, det må ha vore i 2005, han døydde jo året etter, men der han stor på scena, ei ganske mørk og stor scene i eit enno mørkare og større rom. Eg hugsar eg sat langt bak, kunne ikkje sjå andletstrekka hans. Men kroppen såg eg, haldninga i han, ein gamal, litt lut kropp, tynn. Han leitte fram nokre ark. Drog pusten nokre gongar. Så kom røysta til. Med skjelvande røyst las han eit dikt til hunden sin. Hunden som hadde fulgt han på sjøen i alle år, som låg i ein taukveil når han jobba på dekk, tassa etter han ned i maskinrommet, den mjuke varme kroppen i fotenden av ei smal seng i lugaren. Og Aamodt gret. Vi høyrde tårene, og i den mørke salen høyrde vi alle saknet. Det var ei legendarisk opplesing. Denne gamle mannen på ei stor scene, gråtande, saknande. Og det rørte meg sterkt, gjer det framleis.

Å, Aamodt.
Som får meg til å kjenne sjømannsblodet i årane mine, ved å skrive liner som dette:

Mens livets røde lykt slukner i kanalen akterut,
skrur horisonten et svart lokk av leppestiften,
og drar prøvende en tynn strek

slike liner trekkjer fram bilete i meg. Som om eg har nokre nedarva minner frå fullriggarane oldefar min segla med der ute, i ei anna tid, heilt andre stadar enn det dei vert kalla no. Nokre nedarva minner som dukkar opp når eg les til dømes den sugande, bølgjande sterke samlinga hans Anchorage. Då dukkar dei opp, desse nedarva glimta, som morfar si historie om då dei segla oppover Yang-Tse-elva, galgane som stod tett langs breidda, som allèar, og dei daude kroppane som dingla frå dei, langsamt, frå side til side, mannskapet stod på dekk og såg, den brune elva under dei, tørre elvebankar med galgar, oppover, nedover.

Anchorage. Ei sjøreise i 43 dikt. Ei bok som ikkje liknar noko anna. Av ein heilt særmerkt poet. Eg likar så godt korleis havet kling med i språket hans, og metallet, lukta av olje, harde skrog, dunkinga frå maskinrommet, tung last, tørre, sprukne nevar i dikt etter dikt. Og verda der ute. Alltid nye hamner. Jeddah. Khor al Amaya. Balikpapan. Capri. Rouen. Og Ancourage:

Bjørneskinn og gull. Historien henger i ordet
som en rustholk dreier for ankeret i tidevannet.
Bevissthetens lille kuøye.
Kompassnåla dirrer mot den magiske ordpol.
Hiv på kjettingen, 4 sjakler ute.
Stemme føttene i dekket mot den svarte veggen
som tårner seg opp og velter inn over babord baug.
Legge tyngden over på høyre fot
mens dråpene smeller som svæpeslag over styrhusruta.
Steady so! Ancourage, Antwerpen, nedenom
og hjem. Ordet som et blankslitt ritual
for å sette sjøbein, stå
nesten stille. Der kommer neste sekund, skumpisket.
I bokevja, Norsk Tidend 1/2009

Friday, March 13, 2009

Møt meg bak hesa når det doggfell





Det var no så enkelt før i tida. Dette med kjærleik og slikt, meinar eg. Tippoldefar min, til dømes, han tok med seg klarinetten sin og sette seg oppi Skårabakken og spelte ein lystig melodi. Nede på Støylen fanst det ei taus som høyrde dei smektande tonane, og så var det gjort. Eller oldefar min, han Martinus, han leitte fram blyantstump og papir ein kveld, så skreiv han eit brev som han sende med einkvan han stolte på av kvinnekjønnet, for å overlevere til ho Karen i kyrkja på søndagen. Og var det noko Martinius kunne, så var det jo å ordlegge seg. Så gjekk det slag i slag, og før Karen visste ordet av det, vart ho kalla Martines-Karn.
Og då var det jo gjort.

Ja, dei fekk det til, desse karane. Dei hadde gode kort på hand, og spela dei bra. Håva inn potten. Og slik skulle det jo vere, den gong: det var karane som skulle ta initiativet, det var dei som måtte føre an, kurtisere og invitere.
Tausene skulle vere nettopp det: tause.
I alle fall ikkje vere dei som ymta frampå om kven dei ville ha. Tenk det. Å ikkje få ymte frampå om kven dei ville ha! Når eg treff mine fantastisk vakre, sterke og underleg nok single venninner, er det ikkje akkurat snakk om ymting i det heile tatt. Vi seier det rett ut som det er: ”Han vil eg ha!”, kan vi til dømes seie. Eller: ”Han skal eg TA!”, kan vi også seie, og så skålar vi for det. Ikkje nødvendigvis i musserande vin eller i gin & tonic, som menn ofte kallar ”damedrykk” i ein litt nedlatande tone, men vi skålar gjerne i whisky. - For menn har heller ikkje nokon fyrsterett på brunt brennevin, om dei innbilte seg det.

Sist helg var Kvinnedagen. Ein dag eg synest godt om, og denne dagen er eg snar med å sende gratulasjonar i aust og vest til mine medsystrer. Eg vert rett og slett stolt: Kvinnemennesket er ein framifrå skapnad! Eg vert også aldri så lite krigersk slike dagar. Får lyst til å kakke menn i hovudet med ein jarstaur, eller eitkvart. Ikkje fordi eg ikkje likar dei, tvert om, men for å minne dei på at vi er på lik line, berre. Kakke dei ned eit par hakk.
Kvinnedagen kan vere eit godt høve til å avruse dei frå sine eigne store ego og høge testosteron-nivå. Eventuelt kan kvinnedagen vere eit godt høve til å syne at vi faktisk likar desse tullingane, og gje dei ein sjanse til å syne kor godt dei likar oss:
Ei venninne av meg, til dømes, gjekk ned på kne og fridde. Ho fekk ja.
Slikt hadde vore ganske uhøyrt for berre ein generasjon sidan.

Heldigvis er det annleis no. Ja, takk for det! Eg synest det er ei bra utvikling.
Men av og til stussar eg litt. For kanskje har noko forsvunne også, ein stad på vegen. I måten å møtast på. Noko er borte. Noko med magien, trur eg. Eller romantikken, kanskje?
Før i tida hadde dei stemnemøter, då. Kor romantisk høyrest ikkje det ut! Eg ser det føre meg: Det er sommar, akkurat i det sola renn og det doggfell, høyangen står tjukk mellom fjella, fuglane syng hjartet si fryd, markane fulle av heser, og bak ei av dei strår ein mann og ei kvinne, med raude kjakar, kanskje ein blome bak øyret, store smil, latter og prat. Så er det gjort. Dagen etter er dei forlova.
Men no for tida. No går vi på date. Og kor kjedeleg og inkjeseiande høyrest det ikkje ut. Amerikanisert og tullete. Sitte der med ein drink og gjere seg interessante for kvarandre. Eller sitte der i kinomørkret og håpe på at ein ler eller gret på dei rette plassane. Etter ein date, kan ein slett ikkje seie: No er det gjort. Slik er det ikkje lenger. Fort komplisert vert det også: kor mange gongar må ein date før ein kallar seg kjærestar, til dømes. Eller kan ein date fleire samstundes? Er dette med dating noko vi finn på berre fordi vi ikkje vil forplikte oss? Fordi vi ikkje tør? Fordi vi er vorte ein gjeng med pyser som ikkje vil verte vaksne før vi er førti?

Nei, takke meg til eit stemnemøte bak hesa! På gamlemåten.
-Men eg vil gjerne vere den som inviterar.

På Tampen, Synste Møre - 12.03.09
Foto: Borghild Holsvik - www.mollspinn.blogspot.com

Monday, March 09, 2009

Vårdal


Eg vaknar ein morgon og høyrer våren prikke med ein solgylt finger mot vindaugsruta. Vinterstøv kvervlar i lysstrima som fell inn i rommet. Eg står opp og ser ut: I hagen ligg små fargerike felt, grøne, gule, raude, underlege former av smelta stearin. Det er snølyktene sine slokna hjarte, dei ligg der mellom bleikt vaknande gras og minner om at vinteren har trukke seg unna; dette er alt som er att.
Trea i hagen rankar seg opp og struttar. Brunsvulma vintereple slepp seg tungt ned frå greinene og brest. Gjev rom for knoppane som ventar inne i kvistane, der dei ligg og lyttar til sevja som stig med eit svakt sus.
Alt rotnande fell, alt spirande stig.

Eg går ut, går over tunet, set meg ved fjøsveggen. Snart skal linerla trippe kring meg, vippe med stjerten, flyge over til ein hestelort, hakke og leite. Snart skal det høyrast sped breking frå fjøsen, snart skal nytt liv kome til der inne, og eg kjenner ei skjelving i brystet med tanke på seine netter, tidlege morgonar fulle av djup svarttrastsong, når ein kjem frå fjøsen med seige steg, det ligg sol på fjella, raude, klare morgonar når ein har vaka i fjøsen, teke imot velskapte, levedyktige små lam, når alt har godt bra, og ein går over tunet ein tidleg morgon, med termos under arma og varmt hjarte, heggeblomar er i ferd med å opne seg og sender ein svak søtleg eim ut i morgonlyset, ein går over tunet med trøytte, glade steg og kjenner på denne tydelege kjensla av at livet berre stig.
Det er vår, og livet berre stig og stig.


Sunday, February 15, 2009

Slik at draumane dine kan kome ut til meg

Eg kan ikkje sove no,
fekk meg til å gråte. Stein Erik Lunde sin poetiske tekst, mellom Øyvind Torseter sine fantastiske illustrasjonar.

Far og son, i eit hus, i ei kald vinternatt, i ei stor sorg. Far sit i stova. Peisen brenn, han høyrer ikkje på radio, han berre sit der, alt er så stille. Guten får ikkje sove. Sjølv om døra står på gløtt inn til far. – Slik at draumane dine skal kome ut til meg, seier faren.
Og dei treng draumar, desse to. Dei treng draumar og eld og fuglar og stjerner. Dei treng kvarandre, og kanskje treng dei også det farmor sa: at dei raude fuglane på fuglebrettet er dei daude som kjem og ser til oss på jorda. Dei raude fuglane kjem stilt gjennom lufta, medan mor søv og aldri vil vakne att der ho er no.

Dei går ut i stjernenatta. Suget frå stjernehimmelen. Desse kalde, klare kveldane om vinteren, når kvelven eksploderar i tusenvis av små lys.
Stjernene er langt borte og like ved.
Faren held guten sin, gyngar han som ein båt ut på tunet. Dei ser etter stjerneskot, for å ynskje seg noko:
Så ventar vi.
Eg tenkjer at eg må ynskje i same
augeblunken som eg ser stjerneskotet.
Vi ventar litt til
Så ser eg det.
Så er det borte.


Bokevja, utdrag, Norsk Tidend 1/2009

Saturday, February 07, 2009

so tung, so tung aig var

KAN hugs:

AT nokon bar meg ovfr skuldr,
kan henda far
halft I svefn, halft vakn
bar meg gennom hoy, bolgjande grass
tidli morgning vid vitt ljus
og miner armr hengd ned,
merkat dei so tunge
som om grass trakk i dei,
electric greip
eftr meg, som om all grass vul ned
meg taka, hafa meg, stela meg
so tung, so tung aig var
og aig ku stola an grasset
so aig ku stola an skuldr
som aig ku stola an all af tyngd
og ein old, gul hus stod der fram
millom trer, ein hus
vid den varm melken i krus aig sku faa.

Solaris korrigert, Øyvind Rimbereid 2004

Tuesday, January 27, 2009




Kome med mat til deg i vedaskogen
Mjuke kringler i ei korg
Knasande steg over kvite marker
Varsame steg over frosen elv

Saga rasar mot ein stamme
du høyrer ikkje meg
ikkje slike stille steg
Høyrer ikkje at eg står hos deg i skogen
med mjuke kringler i ei korg

Masken driv ikring deg
Auga dine smalnar utan vern
Kjevane strammar seg av tyngda
der inne i stammen av tørre mørke ringar
frå kaldare vintrar enn denne

Eg tek det siste steget inn
Du glepp
Eg riv ei remse av trøya mi
og bitt kring såret ditt

Vi et mjuke kringler frå ei korg
vi drikk
vi høyrer det piple frå såret i stammen
vi høyrer det piple frå såret i deg